Eidsland kapell

Eidsland kapell vart vigsla 29. april 1925, og er av typen langkyrkje, bygd i tre. Arkitekt er R. Nesje.
Altertavla er av "Jesus på krossen", av ukjend kunstnar, 1935.
I kyrkja finns det ei kyrkjeklokke frå 1924 med innskrifta "Land, land, land, høyr Herrens ord.".
Orgelet har fem stemmer samt subbas, bygd i 2003 av danske Orgelbygger G.F Husted.
Kyrkja har galleri, og sitjeplassar til ca.90 personar.
Kapellet vart bygd som eit bedehuskapell, der ein kunne lukke inne altarpartiet bak foldedører.
Dørene vart fjerna og korpartiet ombygd i samband med at det nye orgele skulle på plass.
Sakristiet vart påbygd i 1979, og inneheld prestesakristi, møterom med kjøkken, gang, WC og bøttekott.

Kapellet har eit nedslagsfelt på 150 menneske, og høyrer til Stamnes sokn.
Edvard Bø er sokneprest i Stamnes sokn.
Asbjørn Nese er organist i kapellet
Soknet deler elles prestar, kantorar/organist, klokkar, kyrkjetenar og kyrkjeverje med dei andre sokna i Vaksdal.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"